Vår historie

Frå jakt til delikatesse

Historia til Valdres Vilt starta opp med tanken om å gjere meir ut av kjøtressursane frå jakta. Geir Helge har jakta frå han var liten, og jaktinteressa er ein stor del av livet. 

Men det har også vore viktig for han å ta vare på kjøtet og foredle det vidare fram til det står på bordet. 

Marit er oppvaksen med mattradisjonar og foredling av råvarer frå garden. Så når vi da kombinerte desse interessene vart det fort litt meir enn hobby.

Utviklinga

I 2012 bygde vi nedskjeringsrom og kjøle.

I 2013 såg gardsbutikken dagens lys. Og deretter har vi skore ned elg, hjort og rådyr store deler av hausten, i tillegg til jakta. Her gjeld det å ballansere godt så ein får tid til alt!

Foredling til pølser, spekekjøt og karbonader skjer no jamnt gjennom året.

 

Dei gode oppskriftene

I starten var det ein del prøving og feiling.

No har vi funne dei gode oppskriftene og er stolte av kvaliteten og smaken på dei ferdige produkta.

Valdres Vilt byggjer på mattradisjonar, men vi lærer alltid noko nytt og prøver oss stadig fram.

Røyking av kjøt er ikkje så vanleg her i Valdres, men med god hjelp har vi gjort det med hell. Salta, tørka og røykt elgkjøt er no på full fart inn i varesortimentet!