Råvarer
Vi har alle typer stykningsdeler av elg og hjort, frå indrefilet til kjøtdeig, og i tillegg lagar vi karbonader, grillpølser og leverpostei. Om våren hender det vi har beverkjøt for sal, og om hausten både ryper og tiur.
På stabburet heng spekepølser og speka elgkjøt og -hjarter, alt saman produsert av lokalt vilt.
Vi fiskar sik, aure og abbor i Strandefjorden, rett ned for garden. Sik og abbor blir filetert og vakuumpakka, og sikrogna blir lagt ned i sukker og salt.
Aure får vi også frå Slidrefjorden, og den sel vi heil, vakuumpakka og frossen.
«Frå skog til bord»
Viltkjøtet må mørnast før bruk, og mørningsprosessen er svært viktig for godt resultat. Den møraste biffen, som «smeltar» på tunga, får vi når kjøtet heng luftig på låven og på kjøla inne. Vi test-smakar kvart dyr før vi skjer og pakkar for sal i butikken.
Kva har vi?
I gardsbutikken har vi:
Indrefilet
Ytrefilet
Entrecote
Biff
Mørbrad
Grytekjøt
Kjøtdeig
Kraft og kraftbein
Kjekjøt
Fisk(sik, aure, abbor)
Sikrog
Dette er reine, naturlege råvarer utan noko tilsett.
Ein del av kjøtdeigen foredlar vi til karbonader og grillpølser. Utvalet av karbonader varierer gjennom året frå elg- og hjortekarbonader til viltkarbonader med rådyr.Send oss gjerne ein forespørsel!
Vi lagar også leverpostei av elg- eller hjortelever, så lenge vi har. Elles brukar vi svinelever. Den må du prøve!
«Vi ynskjer alltid ein høg kvalitet på kjøtet, og har mange fornøgde kundar»
– Geir Helge, Dagleg leiar
Reint og naturleg
Vi spekar mykje av elgkjøtet og lagar kurv(spekepølse) av elg og hjort i vill blanding, eller geitekurv for seg.
Kurv frå Valdres er ei spekepølse som er laga i samsvar med tradisjonelle oppskrifter i Valdres.
Kurven er søt i smaken og konsistensen kan vera grov eller fin, men er vanlegvis noko varierande.
Gje mat i gåve
Vi har både krydder, rakfisk, rumme, lokal sjokolade, sirup, gelè, saft, honning, ost og flattbrød.
Alt dette er flott som tilbehør til kjøt, og som gåver.
Vi har også lokale bøker og godt drikke frå Små Vesen.
Velkomen innom til ein triveleg handel!