Om oss i valdres vilt

Vi er ei lita familiebedrift i Ulnes i Valdres, som tek hand om kjøt frå eigen jakt.

Vi er ei lita familiebedrift i Ulnes i Valdres, som tek hand om kjøt frå eigen jakt. Her på garden har det vore tradisjonell drift med dyr og mjølkeproduksjon. Og hausten har vore jakt og sanketid.

No er det elg-, hjort- og rådyrjakt som er bakgrunn for resten av drifta vår.

Jakttradisjonar går mange hundre år tilbake i tid, og vi synest det er viktig å ta vare på viltet frå skog til bord. Gleda over jakta er ein ting, men det å kunne ta seg av kjøtet etterpå er like viktig. Kjøtet skal mørne på rette måten, det skal skjerast og pakkast godt, og gjerne foredlast vidare.

Alt dette er vi opptekne av og interesserte i, og tanken på å gjere dette til levebrødet vårt kom lett då gardsdrifta endra seg.

Dermed laga vi ei lita nedskjerings- og foredlingsbedrift, baser på viltkjøt. Valdres Vilt kom naturleg opp som logo, og ein liten gardsbutikk såg også dagens lys.

Det er viktig for oss at du som forbrukar får ei så god matoppleving som muleg. Dette sikrar vi ved god handtering av kjøtet heile vegen frå skogen til steikeklar biff.

Vi følgjer mørningsprossessen kvar dag og prøvesmakar kvart dyr før deling og pakking. Vi foredlar også noko av kjøtet til karbonader, pølser og spekepølser. Mykje av elgkjøtet saltar og turkar vi til spekekjøt, og noko av dette røyker vi også.

Spekemattradisjonane er mange og lange i Valdres, og dei to stabbura våre er godt nytta på vinter og vår. Her heng pinnekjøtet frå hausten og til jul, og sidan spekepølsene frå nyttår til gauken gjel på våren.

Stiftet i 2012

Vi har jobbet lenge med gårdsmat

+40,000 kg

Kjøtt solgt

100%

Fornøyde kunder

«Vi ynskjer alltid ein høg kvalitet på kjøtet, og har mange fornøgde kundar.»

– Geir Helge, Daglig leder

Vi er kjempe fornøyde med maten vi har fått fra Valdres Vilt. Alltid ferskt, og alltid bra kvalitet. Vår familiemiddag hadde ikke vært den sammen.

– Kari (35), Oslo-området

Sjå våre produkt

Gå til nettbutikken for å kjøpe gardsmaten vår.

Gå til nettbutikken