Om oss

Vi kallar oss den vesle butikken med det store utvalet.

Gardsbutikken ligg på tunet, i ein del av hovudbygningen på garden. Du finn oss midt i Ulnesbygda, langs E16.

Vi starta opp i 2012, og da i det gamle tunet på garden. No er både veg og nedkjøring endra, og butikken flytta opp på tunet. Vi er dermed meir synlege frå vegen og lettare å finne om du kjem frå aust eller vest langs E16.

Read in english

Vi kallar oss den vesle butikken med det store utvalet. Her finn du Valdres beste utval av elg, hjort, rådyr, ryper og villfisk. I tillegg har vi mange lokale varer frå andre dyktige produsentar.

Her finn du delikatesser for den heilt spesielle anledning, sunne gode råvarer og lokal mat med høg kvalitet.

Viltkjøt er ein berekraftig ressurs som vi er stolte av å hauste og vidareformidle. Vi tek vare på mattradisjonar og gjer lokalmaten tilgjengeleg for folk.

Kom og prøvesmak spekepølser og speka elgkjøt frå vårt eige stabbur!

Kjøp den gode grillmaten, laurdagskosen eller gava hjå oss.

Vi garanterer lokal, sunn og trygg mat som er både kortreist og ureist!

Meld deg på og få oppdateringar
om vareutvalet hjå Valdres Vilt

Vi er ei lita familiebedrift i Ulnes i Valdres, som tek hand om kjøt frå eigen jakt. Her på garden har det vore tradisjonell drift med dyr og mjølkeproduksjon. Og hausten har vore jakt og sanketid.

No er det elg-, hjort- og rådyrjakt som er bakgrunn for resten av drifta vår.

Jakttradisjonar går mange hundre år tilbake i tid, og vi synest det er viktig å ta vare på viltet frå skog til bord. Gleda over jakta er ein ting, men det å kunne ta seg av kjøtet etterpå er like viktig. Kjøtet skal mørne på rette måten, det skal skjerast og pakkast godt, og gjerne foredlast vidare.

Alt dette er vi opptekne av og interesserte i, og tanken på å gjere dette til levebrødet vårt kom lett då gardsdrifta endra seg.

Dermed laga vi ei lita nedskjerings- og foredlingsbedrift, baser på viltkjøt. Valdres Vilt kom naturleg opp som logo, og ein liten gardsbutikk såg også dagens lys.

Det er viktig for oss at du som forbrukar får ei så god matoppleving som muleg. Dette sikrar vi ved god handtering av kjøtet heile vegen frå skogen til steikeklar biff.

Vi følgjer mørningsprossessen kvar dag og prøvesmakar kvart dyr før deling og pakking. Vi foredlar også noko av kjøtet til karbonader, pølser og spekepølser. Mykje av elgkjøtet saltar og turkar vi til spekekjøt, og noko av dette røyker vi også.

Spekemattradisjonane er mange og lange i Valdres, og dei to stabbura våre er godt nytta på vinter og vår. Her heng pinnekjøtet frå hausten og til jul, og sidan spekepølsene frå nyttår til gauken gjel på våren.