GARDSBUTIKK OG KJØTUSALG

Velkomen innom viltbutikken vår i Ulnes

Vi er ei lita familiebedrift i Ulnes i Valdres, som tek hand om kjøt frå eigen jakt.

Mellom Fagernes og Tyin finn du den vesle butikken med det store utvalget

Her på garden har det vore tradisjonell drift med dyr og mjølkeproduksjon. Og hausten har vore jakt og sanketid.

No er det elg-, hjort- og rådyrjakt som er bakgrunn for resten av drifta vår.

Jakttradisjonar går mange hundre år tilbake i tid, og vi synest det er viktig å ta vare på viltet frå skog til bord. Gleda over jakta er ein ting, men det å kunne ta seg av kjøtet etterpå er like viktig. 

Kjøtet skal mørne på rette måten, det skal skjerast og pakkast godt, og gjerne foredlast vidare.

349734197_1429232504492586_6628254644641769985_n.jpg

"Vi er kjempefornøyde med
maten vi har fått fra Valdres Vilt.
Alltid ferskt, og alltid bra kvalitet.
Vår familiemiddag hadde ikke vært den sammen"

Hjå oss får du dei fineste stykningsdeler av elg og av hjort til fest og til kvardags

Vi har alle typer stykningsdeler av elg og hjort, frå indrefilet til kjøtdeig, og i tillegg lagar vi karbonader, grillpølser og leverpostei.

 

Besøk gardsbutikken i Tyinvegen

I Ulnes, berre 12 minutter frå Fagernes finn du gardsbutikken.

Om våren hender det vi har beverkjøt for sal, og om hausten både ryper og tiur.

Følg med på Facebook, og kjør innom oss i Tyinvegen!

Meld deg på og få oppdateringar
om vareutvalet hjå Valdres Vilt

Valdres Vilt